Bli med på salsakurs
Salsakurset går over fire torsdagar, i vekene 6, 7, 9 og 10 kl 19.30 - 21.00. Kurset vert halde av instruktørar frå SalsaNor; Atoussa Hamedan-Nejad og Alain Morales.
Alain Morales er hovudinstruktør, og er utdanna dansar frå Cuba, og har mellom anna dansa i Tropicana, på film og på fleire teater i Italia. Dei siste tre åra har han vore hovudinstruktør i Salsanor, men reiser framleis mykje mellom Noreg og Italia.
Påmelding til Karl Emil Sødergren på e-post eller mobil 48 18 18 04. Påmeldingsfrist 7. februar.
Dalane kulturfestival tilbyr òg kurs i tango, linedance og hiphop.


